NRK Sogn og Fjordane har ledig eit vikariat som journalist ved distriktskontoret i Førde. Stillinga inneber turnusarbeid og publisering på fleire plattformer. NRK Sogn og Fjordane nyttar kun nynorsk på si nettside.

Arbeidsoppgåver

  • Nyheitsarbeid for nett, radio, TV og sosiale medium.
  • Jobbe fram eigne saker til både eit lokalt og nasjonalt publikum.
  • Utrykking når det skjer hendingsnyheiter.
  • Jobbe i felt og lage reportasjar til alle plattformer.

Kvalifikasjonar

  • Relevant erfaring frå media.
  • Sikker språkføring.
  • Oppdatert på bruken av nye format og plattformer.
  • Samfunnsorientert.

Personlege eigenskapar

  • Kan arbeide sjølvstendig og har eigne idèar.
  • Nyheitsteft.
  • Kan jobbe raskt og effektivt under press.

Vi tilbyr

  • NRK Sogn og Fjordane har ein ung stab med stor arbeidslyst og kreativitet. Vi er eit kontor med sterkt fokus på nyheiter. Vi leverer også større produksjonar til riksflatene både på TV, radio og nett.
  • NRK er omfatta av Offentleglova sine reglar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjarar som ikkje ynskjer namnet sitt offentlegggjort må grunngje kvifor. Dersom unntaket ikkje vert godteke, vert søkjar varsla og får høve til å trekke søknaden.

Andre opplysningar

  • Reiseaktivitet: Du må rekne med å måtte reise noko i samband med jobben

Kort om:

Stillingsbrøk: 100%

Stillingstype: Vikar

Startdato: 16.01.2017

Sluttdato: 31.08.2017

Kontaktinfo: Linda Olin Reite, Redaksjonssjef, +47 975 00 907

Skriv kommentar

Vennligst skriv din kommentar
Vennligst skriv inn navne ditt her